Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo
Barcelona skal spele finale i Meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over Bayern München søndag.
Det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. Barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen.
– Dette er ein draum, sa Lianne Sanderson på Disney +.
Den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga Caroline Graham Hansen serverte til Salma Paralluelo.
Men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då Linda Dallmann skåra for Bayern München.