Hegerberg mållaus i Meisterliga-kvartfinale – Wolfsburg tok første stikk
Ada Hegerberg klarte ikkje kome på skåringslista då OL Lyonnes tapte 0-1 i den første av to kvartfinalekampar i Meisterligaen mot Wolfsburg.
Hegerberg var ein av fire norske frå start i oppgjeve, saman med lagvenninne Ingrid Syrstad Engen.
På motsett banehalvdel stilte Thea Bjelde og Justine Kielland frå start for Wolfsburg, som vann kampen.
Laget i grønt tok leiinga allereie etter 14 minutt. Vivien Endemann plukka opp ein feilpasning frå Lyoness og sende ballen opp til Lineth Beerensteyn, som sette ballen i nettet for dei grøne.