Møter truleg Marokko i VM-generalprøve
Det norske herrelandslaget i fotball møter truleg Marokko i den siste offisielle landskampen før VM i sommar.
Det røpte landslagssjef Ståle Solbakken då han presenterte troppen som skal møte Nederland 27. mars og Sveits fire dagar seinare.
Under pressekonferansen kviskra han eit land til medieansvarleg. Fleire spekulerte i at det kunne vore Marokko. Då han fekk spørsmål frå NRK svarte han:
– Det var nokon som påstod det. Kanskje.
Landslagssjefen var meir open om det i prat med NTB:
– Me håpar på det.