Skal kjempe om medalje på femmila: – Håpar Karlsson går på ein smell
På søndag skal kvinnene gå sin siste langrennsøving i OL.
Heidi Weng, Astrid Øyre Slind, Kristin Austgulen Fosnæs og Karoline Simpson-Larsen er tatt ut til å gå 50 kilometer, søndag.
Det kom fram på pressetreffet, torsdag.
– Eg har lyst å ha med meg ein medalje, eg føler eg har vore nære, seier Astrid Øyre Slind til NRK
Frida Karlsson vann VM-femmila i Granåsen i fjor. Ho har også to gull frå meisterskapet i Italia.
– Korleis skal ein slå Karlsson?
– Eg håpar ho går på ein smell. Ho har vist at ho ikkje er umenneskeleg på stafetten...