Reistad verdas beste spelar for tredje gong
Henny Reistad er historisk, etter at ho som første norske kvinnelege handballspelar, for tredje året på rad er kåra til verdas beste spelar.
Prisen som delast ut av Det internasjonale handballforbundet, er den gjævaste individuelle utmerkinga i handballen.
– Det betyr verkeleg mykje for meg. Og eg føler meg utruleg takknemleg for å få spele sporten eg elskar saman med så mange flotte menneske – og samtidig ha den beste støtta frå familie og venner, seier Reistad i ein uttale til IHF.
Reistad var i år éin av tre nominerte...