Kirkeeide med sterk etappe på stafetten: – Det villaste eg har sett
Dei norske kvinnene imponerte under stafetten i tyske Oberhof, og tok ein sterk andreplass framfor Tyskland.
Ingen kunne gjere noko med dei franske kvinnene, som vann 53,7 sekund framfor Noreg.
Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut ein rask serie på siste ståande skyting, og sikra andreplassen for Noreg framfor Tyskland.
– Det er det villaste eg har sett. Åh, helledussen! Ho psyka ut Franziska Preuss, sa TV2s Tiril Eckhoff etter Kirkeeide sin siste serie.
– Det var veldig kult. Det er mykje trykk her når tyskarane skyt.