Mykje synleg politi i Trondheim før storkamp
Søndag er det storkamp mellom Rosenborg og Vålerenga. Før kampen har det vore fleire masseslagsmål blant supporterar.
Før kampen er det mykje synleg politi i byen.
– I samband med fotballkamp i dag har politiet ekstra nærvær i Midtbyen og Lerkendal, skriv operasjonsleiar Trond Hangaas i politiloggen.
Før kampen er fire tenåringar vist bort frå området som følge av ordensforstyrring og bruk av pyroteknikk.
– Dei aller fleste supportarar oppfører seg eksemplarisk. Personar som involverer seg i supporterbråk vil bli melde og utestengt frå kampen...