Bombegruppa er på plass i Bergen
Politiet opplyser klokka 10.00 at bombegruppa frå Oslo og politiets innsatsleiar no er på staden ved Hopsbukta i Bergen.
Ein mistenkeleg gjenstand blei natt til søndag funnen i ein fotgjengartunnel under E39 ved Hopsbukta.
Politiet opplyser at gjenstanden utgjer ingen fare slik den står no. Dei har sperra av området, og held vakt på staden. Krimteknikarar frå politiet er også på veg.