Opphevar opphalds- og ferdselsforbod på Sukkertoppen
Geolog har undersøkt Sukkertoppen i Ålesund etter brannen denne veka.
Det blei ikkje gjort funn som tilseier auka risiko for skred som følgje av brannen, og politiet opphevar dermed opphalds- og ferdselsforbodet i området, og det er gjeldande frå no av.
Politiet gjer likevel folk merksam på at brannen har ført til endringar i vegetasjon og terreng. Dei rår derfor folk til å unngå bratte område og område utanfor turstien.
– Geolog på staden har vurdert området, og kome fram til at dei ikkje har haldepunkt...