Brannen i Ålesund: Politiet følger opp tips og observasjonar
Politiet jobbar med å følge opp tips etter brannen i terrenget ved Sukkertoppen i Ålesund.
– Vi følger opp det som har kome inn av tips og observasjonar i område. Vi gjennomfører også vitneavhøyr. Dette er eit turområde med mykje aktivitet, seier Arne Lid Skodje, etterforskingsleiar i politiet.
Det er framleis uklart korleis brannen starta, men politiet undersøker ulike hypotesar.
– Det har vore omtalt eit smell i område og at folk har sett aktivitet, så vi prøver å finne ut om dette er relevant.