Tidlegare psykiater nekta for å ha misbrukt stillinga si til å skaffa seg sex med ung kvinne
Ein tidlegare psykiater i 40-åra nekta straffskuld då rettssaka mot han starta i Haugaland og Sunnhordland tingrett på Stord i dag.
Mannen er tiltalt for å ha misbrukt si stilling som psykiater til å skriva ut medisin til ei ung kvinne som han hadde seksuell omgang med.
Han vart arrestert på veg på jobb i oktober 2024, og sat varetektsfengsla fram til 20. desember same år.
Tiltalte frå Vestlandet har mellom anna skrive ut både sovemedisin, roande medikament og medisinar mot depresjon til kvinna. Dei skal ha hatt seksuell omgang fleire stader...