Osloarkivsaka: Ber utanriksministeren vurdere politimelding
Kontrollkomiteen på Stortinget ber utanriksministeren vurdere å melde til politiet det som kan vere ulovleg lagring av dei hemmelegstempla dokumenta som Økokrim fann i kjellarboda til diplomatekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul.
– Teoretisk sett kan dette vere dokument som er særs viktige for nasjonen si sikkerheit, og då er det ganske alvorleg lovbrot vi snakkar om. Det er ikkje unaturleg dersom Utanriksdepartementet går for å melde dette til politiet, seier komitéleiar Per-Willy Amundsen (Frp) til NRK.