Molde-spelar tatt ut av kamptropp etter dom
Ein Molde-spelar er tatt ut av kamptroppen, melder klubben i ei pressemelding.
Det skjer etter at spelaren tysdag blei dømd til fengsel i seks månader for seksuell handling utan samtykke.
I pressemeldinga skriv klubbleiinga at saka er svært krevande og at klubben har stor respekt for alvoret i saka og dei belastningane dette medfører for alle partar.
Fotballspelaren nektar straffskuld, og varsla tysdag kveld at han ankar dommen.