E134 i Fjæra opnar ikkje før neste veke
E134 ved Fjæra i Etne skulle etter planen opna igjen onsdag denne veka, men arbeidet er forseinka. Vegen som blei stengd etter eit steinskred 1. mars, opnar ikkje før i neste veke.
– Det er meldt kraftig nedbør dei neste dagane, og det betyr auka skredfare. Oppryddingsarbeidet må difor truleg stansa heilt torsdag og fredag, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.
Skadane på vegen er også mykje større enn dei først rekna med, og oppryddinga tek lengre tid.
Det blir trafikkregulering...