Saltvik Pedersen knust halvvegs i superkombinasjonen
Jesper Saltvik Pedersen er igjen stor medaljekandidat når superkombinasjonen i alpint er i gang i Cortina. Men det blir tøffare enn venta.
Først køyrer dei super-G, før det er slalom i ettermiddag.
I super-G omgangen valde Pedersen å køyre med utfor-ski, noko som føreset stor fart.
– No synest eg han verkeleg går for det, sa NRKs ekspert Beate Cathrin Haugen undervegs i løpet.
Sjølv om han køyrde inn til leiing var det store kanonar som venta bak.
Først sette Rene de Silvestro ei supertid, over sekundet framfor nordmannen.