Feira med «dab» etter stafettsiger – får «slakt» frå Frankrike
Dei norske herrane var sterkast og vann stafetten i finske Kontiolahti laurdag.
Då Vetle Sjåstad Christiansen kryssa målstreken, tok han armane opp i ein «dab».
Frankrike tok andreplassen, og var ikkje særleg imponert over feiringa til nordmannen.
– Det var seks år sidan Vetle, stopp det, seier Émilien Jacquelin medan han smiler til TV 2.
– Eg skal få dabbing «great again», seier Christiansen til TV 2 og tek ein ny dab.
– Han byrjar å dra på åra. Han gjer alt for å halde liv i unge seg. Eg veit ikkje om det er trist eller gøy...