Steinras slo ut på jordskjelvstasjonar
Det store steinraset ved Fjæra i Etne kommune vart registrert av Norsk National Seismisk Nettverk (NNSN) sine målestasjonar i Stavanger, Karmøy og Holsnøy (biletet). På det lengste er det kring 150 kilometer til stasjonen som er lengst vekke frå Fjæra.
– Hvis du samanliknar med eit jordskjelv, og bruker magnitude, så har vi estimert 0,8. Så litt under magnitude 1, seier Volke Oye, forskingsleiar hos Norsar.
Norsar overvakar jordskjelvaktiviteten i Noreg og har sjølve ansvar for og opererer nokre av verdas største jordskjelvstasjonar.