Sikta etter skytedrama framleis ikkje avhøyrt – uvisst om han stiller i fengslingsmøte
Onsdag kveld vart ein mann i 40-åra tatt etter ein 12 timer lang og dramatisk politiaksjon i Hordvik utanfor Bergen.
Fredag morgon er det framleis ikkje gjennomført avhøyr av mannen.
Det opplyser mannen sin forsvarar, advokat Bertil Christian Hast Rønnestad til NRK.
– Nei, det er ikkje gjennomført avhøyr av han enno. Det er også uklart om han vil stille i fengslingsmøte eller om det vert gjennomført som så kalla kontorforretning, opplyser Rønnestad fredag morgon.
Det er domstolen som avgjer korleis møtet skal verta gjennomført.