Snøen lavar ned i Vestland – alt av brøytemannskap er ute
Det snør godt i Vestland onsdag morgon, og vegtrafikksentralen har fått meldingar frå trafikantar i store deler av fylket.
Det er også meldt om fleire trafikkuhell, mellom anna i Kvam og på Stord.
– Me har meldingar frå Bremanger i nord til Stord i sør om at det er mykje snø på vegen, opplyser trafikkoperatør Thor André Snekkevik ved Vegtrafikksentralen Vest.
Han fortel at dei har alt ute av brøytemannskap for å ta hand om snøen.
– Men når det er pågåande snøvêr så får me ikkje brøyta overalt samstundes.