Aktivistgruppa Palestine Action vann rettssak i Storbritannia
Britisk regjering braut loven då dei stempla den propalestinske gruppa Palestine Action som ein terrororganisasjon, ifølgje ein britisk domstol, skriv AFP.
Sommaren 2025 blei aktivistgruppa forbode i Storbritannia etter anti-terrorlovgivinga. Det reagerte Palestine Action på, og saka hamna i retten.
No har Palestine Action vunne rettssaka.
Innanriksminister Shabana Mahmood er ikkje samd med domstolen, og seier at dei kjem til å anke rettsavgjerda.
– Eg er skuffa over domstolen si avgjerd og er usamd...