Regjeringa kunngjorde vern av fire nye område
Vedtaket inneber at totalt 389 kvadratkilometer sjøareal får status som marine verneområde.
Dei nye verneområda er Ytre Hardangerfjorden, Dalsfjorden, Krossfjorden og Kråkvåg og Bjugnfjorden.
Vedtaket har mottatt sterke reaksjonar frå lokalpolitikarar i kommunane med dei nye verneområda.
– Eg er djupt sjokkert over prosessen i denne saka, og at det ikkje blir tatt omsyn til lokalt sjølvstyre og dei innspela vi har gitt gong på gong, seier ordførar i Austevoll, Bente Kari Sletten Taranger.