VG: Senterpartiet vil kalle inn tidlegare utanriksministrar til Epstein-høyring
Senterpartiet vil kalle inn alle som har vore utanriksminister dei siste 20 åra til kontrollkomiteen etter nye opplysingar i Epstein-dokumenta, skriv VG.
Blir det som Sp vil, betyr det at både statsminister Jonas Gahr Støre og påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide må møte til Epstein-høyring. Støre var utanriksminister frå 2005 til 2012. Søreide hadde rolla i perioden 2017 til 2021.
Tysdag blei det semje på Stortinget om å sette ned eit uavhengig granskingsutval etter nye opplysingar har komme fram i Epstein-dokumenta.