Full overtenning i lagerbygg med propangass
Det er meldt om brann i eit bygg i Harpefoss i Sør-Fron. Det skal vere gass under lagring i bygget, melder politiet. Brannvesenet har satt ei sikkerheitssone på 300 meter. Politiet seier det er eit lagerbygg og det er propangass i lagring der. Dei er ikkje sjølve framme på staden og har ikkje oversikt over kor mange i området som eventuelt må evakuere.