Noreg framleis i toppen på korrupsjonsindeks
Noreg er nummer fire på Transparency Internationals liste over korleis ekspertar vurderer korrupsjonsnivået i offentleg sektor.
Det er ein plass opp frå året før med 81 poeng på indeksen, der 100 poeng betyr minimalt med korrupsjon.
Danmark toppar lista med 89 poeng.
Venezuela, Somalia og Sør-Sudan ligg nedst på lista.