Framleis ingen pågripne etter drap i Arna
Politiet har framleis ikkje sikta eller pågripe nokon etter drapet i Arna sundag kveld.
Det opplyser politiet i ei pressemelding måndag kveld.
Det betyr at drapet framleis har ein ukjend gjerningsperson. Men politiet meiner at den mistenkte ikkje utgjer ein trussel for folk flest.
Politiet driv rundspørjing i nabolaget i Arna måndag kveld. Dei går også gjennom innsamla materiale.