Arsenal utan Ødegaard vann igjen – ni poeng ned til Manchester City
Eit Arsenal utan Martin Ødegaard i troppen tok imot Sunderland i London. Sjølv om Arsenal sin trenar, Mikel Arteta, var optimistisk før kampen med tanke på skadestatusen på laget, lét han Ødegaard få kvile denne kampen.
Han stod også over midtveke kampen mot Chelsea grunna ein muskelskade.
Sunderland og Brobbey var farleg frampå i starten. Keeper Raya hamnar ute av mål, men skotet blir blokkert av ein riktig plassert Havertz.
Etter dette var det Arsenal som styrte skuta. Eit vedvarande trykk gav til slutt resultat for dei raude og kvite.