Kong Harald svarte ikkje på spørsmål frå pressa
Fleire journalistar hadde møtt opp då kongen onsdag kveld opna Aktiv mot kreft-senteret ved Radiumhospitalet i Oslo.
Kong Harald svarte ikkje på spørsmål frå pressa om kronprinsesse Mette-Marit sin kontakt med Jeffrey Epstein eller rettssaka mot Marius Borg Høiby.
I dei nyleg frigitte Epstein-dokumenta har det komme fram at kronprinsessa har hatt omfattande kontakt med Epstein. Ho har også vore fire dagar i Epstein sin villa i Florida i 2013.
Kong Harald har til no ikkje kommentert dei nye opplysningane...