Forfang i sorg: – Pappa var min helt
Skihoppar Johann André Forfang er i sorg etter at faren gjekk bort laurdag, det deler han på sin eigen Instagram.
– I går kveld sovna pappa stille inn etter å ha kjempa tappert mot kreften i litt over eit år, skriv han.
Forfang har vore open om farens kreftsjukdom. For eit år sidan dedikerte han ein verdscupsiger i Lake Placid til faren.
– Ord kan ikkje beskrive det tomrommet han etterlet seg. Pappa var min helt og mitt moralske kompass. Hans siste ønske var at eg skal hoppe hopprenn og reise til OL.