Evakuerte bustadblokk i Bergen – 14 bilar må sanerast
Brannvesenet fekk torsdag melding om røykutvikling frå eit teknisk rom i kjellaren på ei større lågblokk ved Øvre Sædalsvegen i Bergen.
Ifølgje politiet er 29 personar registrerte i bustadblokka, og alle i blokka blei evakuert.
– Vi har fått melding om eit smell og ein del røyk frå ein teknisk kjellar. Per no verkar hendinga å vere avgrensa til rommet, men dette er eit stort bygg, så potensialet er betydeleg. Vi rykker ut med store ressursar frå Bergen sentrum og Fana, opplyste Jostein Steinsland-Hauge i brannvesenet.