Joe Biden om Minneapolis-skytinga: – Vi er ikkje ein nasjon som skyt våre borgarar
– Det som har utspilt seg i Minneapolis denne månaden sviktar våre mest grunnleggande verdiar som amerikanarar, skriv USAs tidlegare president Joe Biden på X.
– Vi er ikkje ein nasjon som skyt våre eigne borgarar på gata, skriv han vidare.
Biden går hardt ut mot Trump-administrasjonen etter at to personar er drepne under demonstrasjonar i Minneapolis dei siste vekene.
Biden krev ei «full, rettferdig og open etterforsking» av dødsfalla til Alex Pretti og Renee Good, og seier han og kona Jill tenker på familiane...