Sander Silva og Victorjus trekker seg frå MGP
Tidlegare sundag skreiv NRK at duoen hadde trekt seg.
No seier at «dei ikkje kan risikere å stå i ein konkurranse som fører direkte til Eurovision medan Israel er med.»
– Det er med tungt hjarte at vi trekker oss frå MGP-cupen. Vi meiner det er tragisk at Israel får delta i Eurovision samstundes som det har blitt gjort alvorlege krigsbrotsverk mot palestinarar i Gaza, skriv dei i eit innlegg på Instagram.
Prosjektleiar for Melodi Grand Prix, Mads Tørklep, bekreftar at artistane har trekt seg frå cupen som blei arrangert på radio.