Lavrov: Russland er ikkje interessert i Grønland
Den russiske utanriksminister Sergej Lavrov hevdar Grønland ikkje er ein naturleg del av Danmark, men at Russland ikkje er interessert i å blande seg inn i saker som gjeld Grønland, melder Reuters.
Han seier dei følger den geopolitiske situasjonen rundt Grønland nøye, men avviser påstandane om at Russland og Kina har planar om å oveta øya.
– Washington veit godt at Russland ikkje har slike planar. Nato bør gå inn ein avtale om Grønland i fellesskap innanfor alliansen, sa han.