Arsenal tok første stikk i ligacupsemifinalen – slo Chelsea 3–2
Arsenal sikra seg eit godt utgangspunkt då dei slo Chelsea 3–2 på bortebane i den første ligacup-semifinalen tysdag.
Bortelaget tok kommandoen frå start. Ben White sytte for leiing då han kriga inn det første målet, noko som også var den einaste skåringa i første omgang.
Etter kvilen skrudde Arsenal opp tempoet. Viktor Gyökeres dobla leiinga etter forarbeid frå nettopp White, og bortelaget såg ut til å kontrollere alt på Stamford Bridge.
Alejandro Garnacho tente håpet for heimefansen då han reduserte til 1–2 etter 57 minutt...