Tung dag for dei norske – Öberg overlegen på jaktstarten
Det blei ikkje noko jubeldag for dei norske kvinnene på søndagens jaktstart i tyske Oberhof.
Maren Hjelmeset Kirkeeide var den norske løparen, som hadde best utgangspunkt før rennet. Ho starta dryge halvminuttet bak svenske Elvira Öberg, som starta først.
Men med seks bom, heldt det ikkje til betre enn ein 22. plass for Kirkeeide.
– På ståande der da eg fekk ein bom, så trur eg berre ikkje heilt orka å gjere det ordentleg. Det var litt slitsamt å hente seg inn att, seier Kirkeeide til NRK.
– Dette var eit minusløp.