Eurostar stansar tog til og frå London
Eurostar har stansa «alle tog» mellom London, Paris, Amsterdam og Brussel tysdag etter problem med straumforsyninga, opplyser ein talsperson frå Eurostar til AFP.
– Alle reiser til og frå London er stansa inntil vidare, seier talspersonen til AFP.
Problema med straumforsyninga oppstod inne i Kanaltunnelen, og eit tog har stansa inne i tunnelen.
Togtrafikken vil kunne starte gradvis opp igjen i løpet av ettermiddagen, melder AFP.