Framleis uklart kvifor Bakken døydde
Italiensk politi etterforskar dødsfallet. Dei rettsmedisinske undersøkingane vil ikkje gi nokon svar før i mars 2026, opplyser Elden Advokatfirma i ei pressemelding.
– Vi hadde håpa at familien skulle fått nokon svar no, men det kjem ikkje før om fleire månadar, seier familien sin bistandsadvokat, Bernt Heiberg i Elden Advokatfirma.
Skiskyttar Sivert Bakken blei funne død på hotellrommet sitt under ei privat treningssamling i italienske Lavazé på vesle julaftan.