Brann påverkar straumen til delar av bygd i Volda
Transformatorstasjonen, som byrja å brenne på Viddal i Volda, er heilt nedbrent. Brannen er no sløkt, melder politiet.
Skadane påverkar straumen til delar av Viddal. Straumselskapet Linja er på plass og jobbar med midlertidige løysingar. Politiet opprettar ei sak på hendinga.
– Det er ein mistanke om at brannen kan skuldast noko teknisk, men det er for tidleg å seie noko om brannårsaka, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet.
Ingen blei skadd i brannen og det var ikkje fare for at den skulle spreie seg.