– Bra med avtale mellom USA og Kina
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) ser positivt på at USA og Kina har kome fram til ein avtale om nye tollsatsar.
Avtalen skal vare i 90 dagar og begge landa reduserer tollsatsane sine.
– Det er bra med ein avtale mellom USA og Kina. Det har mykje å seie for verdsøkonomien og for handel over heile verda.
– Trur du vi får sjå ein mjukare Trump framover?
– Eg skal vere forsiktig med å gjere meg til kommentator om Trump og kva han tenker, men det er openbert bra for næringslivet, verdsøkonomien og...