Добавить новость

Erkjenner straffskuld etter valdshending i Hustadvika

Mannen i 30-åra, som er sikta for grov kroppsskade etter ei valdshending i Hustadvika, erkjenner straffskuld. Det bekreftar mannen sin advokat Mads Jenset til NRK. Mannen er sikta for vald mot ein mann i 60-åra. Hendinga skjedde utanfor ein bustad i Hustadvika på søndag. Den sikta forsvann ut i terrenget etter valdshendinga og politiet gjorde fleire søk etter mannen i dei følgande dagane. Han blei arrestert i ein aksjon på onsdag. Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier at dei kjem til å be om fire veker i varetekt for den sikta.
Губернаторы России



Заголовки
Заголовки
Moscow.media
Ria.city

Новости России




Rss.plus

Музыкальные новости


Новости тенниса







Новости спорта