Må spele på bane som ikkje er god nok for herrane
Noregs kvinnelandslag i fotball må spele på bane som ikkje var god nok for herrane når dei skal møte Island i Nasjonsligaen 18.45 på fredag.
Årsaka er at hovudbanen Laugardalsvöllur er under renovering. Det betyr at dei må bruke kunstgrasbanen Thróttarvöllur.
– Det er ikkje noko eg er vane med til dagleg, men eg har spelt i Toppserien, og der er det mykje kunstgras. Eg er vane med det frå der, seier Barcelona-spelar Ingrid Syrstad Engen til NRK.
Då dei islandske herrane spelte heimekamp mot Kosovo i mars måtte dei spele den i Spania...