Berre Stortinget kan redde geitene
Næringskomiteen på Stortinget vil ikkje legge føringar for kva Mattilsynet skal gjere med geitene på Kvist. Det skriv Sogn Avis. Høgre, Venstre, MDG, SV og Raudt håpte at eit fleirtal kunne be Mattilsynet la geitene leve.
Geiteflokken har skapt eit stort engasjement, etter at Mattilsynet bestemte at dyra i Balestrand må døy. Den endelege avgjerda skal skje i Stortinget neste veke.