To Strøm på pallen i hopp
OL-gullvinnar Anna Odine Strøm var også sterkast under hopp-NM i stor bakke i Holmenkollen.
Strøm vann rennet, medan Gyda Westvold Hansen tok andreplassen og Heidi Dyhre Traaserud to tredjeplassen.
– Det blir mykje medaljar. Eg må finne ut kor eg skal ha dei, seier Strøm til NRK etter å tatt NM-gull.
I herreklassa hoppa veslebror Jørgen Oliver Strøm. Han hoppa inn til ein tredjeplass.
– Morosamt å sjå. Det var ein bra førsteomgang, men han har noko å jobbe med, seier storesøster Strøm om veslebror Strøm.