Tigerstate – «1997»
Gjengen i det kreative kollektivet og bandet Tigerstate har samla seg for å få utløp for eit årsforbruk av skaparglede. Med svært tilbakelente «1997» føyer dei seg trygt inn i indielandskapet ein stad med band som Beach Fossils.
Det er mykje å legge merke til ved «1997», kanskje særleg grunna eit godt stykke produksjonskunst der alle får plass til å boltre seg. Anten det er gitaren, subtile synthdetaljar eller den leikne basslinja, er det alltid noko nytt ved låten som gjer at den kan spelast igjen og igjen.