В Подмосковье 23 апреля пройдет прием граждан по вопросам здравоохранения
Начался прием заявок на XVIII Международный кинофестиваль «Русское зарубежье»
Рост поставок российской нефти в Индию в условиях санкций: игра на увеличение и скрытные ходы
Handballaget til Sverige på bytur
Det svenske heimehåpet i handball-EM har skapt rabalder i Sverige med eit barbesøk.
Det var avisa Aftonbladet som meldte om saka først.
– Dette er svært beklageleg. Spelarane har bedt om unnskyldning, seier generalsekretæren i det svenske handballforbundet, Robert Wedberg, til Expressen.
Det var fire svenske spelarar, tre av dei svært sentrale på laget, som gjekk på byen og bestilte både drinkar og vin i ein bar onsdag. Dei skal ikkje ha oppført seg dårleg, men dei braut reglementet laget har.